
- Dette arrangement har allerede funnet sted.
Resirkulert folkemusikk – Maja Ratkje og Kari Slaatsveen
2016/04/29 kl. 19:00 - 20:00

Kva skjer når ein samtidsmusikar dykkar ned i det norske folkemusikkarkivet? Det er kanskje ikkje tradisjonsmusikk og rotnorske tonar ein fyrst tenkjer på når ein høyrer verka til komponist Maja Ratkje. Med elektroniske musikkinstrument og eiga stemme har ho spela over heile verda, både som soloartist og med kunstinstallasjonar i grupper som SPUNK.
No møter Ratkje programleiar Kari Slaatsveen og forskingsbibliotekar Hans-Hinrich Thedens til samtale om kva ho fann i Nasjonalbiblioteket sitt folkemusikkarkiv, før ho viser kva som kan skje når samtida møter fortida.
Arrangementet er ein del av konsertserien Støv og stjerner.
Foto: Julia Marie Naglestad