Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Klaverdagene 4. mars George Crumb: Makrokosmos I & II

2014/03/04 kl. 19:00

For første gang i historien fremføres syklusen Makrokosmos I og II av 20 pianister i ulike konstellasjoner. Konserten er endel av stipendiatprosjektet til Ellen Ugelvik.

Lytt deg inn i George Crumbs klangkosmos! Tjue pianistar vil i sirleg koreografi trekkja eteriske lydar frå flygelet og føra deg to gonger gjennom zodiaken i Makrokosmos I og II. Med evokative titlar som The Phantom Gondolier, Litany of the Galactic Bells og Rain-Death Variations kan du venta deg ei kosmologisk og mytologisk reise av dimensjonar!

Makrokosmos I og II vart skrivne 1972-73, og er ei vidareutvikling av stilen han etablerte med Five Pieces for Piano tiåret før. Inspirert av Henry Cowell står han for ei ny orkestrering av pianoet; strenger og rammeverk blir tekne i bruk på unkonvensjonelt vis, det blir brukt glas, papir, stålbørste, fingerbøl og binders, og utøvaren skal både plystra, syngja, ropa og messa inn i instrumentet. Men der slike teknikkar hjå Cowell mest blir brukt som spesialeffektar, er dei her sentrale element i ei klangverd som òg formar gestikken i musikken. Syklusen er nøysamt sydd saman til eit større heile, der lyttaren blir losa gjennom ein psykologisk kurve av stemningar og assosiasjonar. Trass det modernistiske form- og tonespråket, er musikken sterkt forankra i tradisjon, og synest undarleg tidlaus og universell.

Ellen Ugelvik vant i 2008 Spellemannspris for sin utgivelse av Makrokosmos I og II og har ved flere anledninger jobbet med komponisten personlig. I sitt stipendiatprosjekt ved nmh jobber hun med urfremføringer av fire nye klaverkonserter, og Crumb-prosjektet med bachelorstudentene springer ut av arbeidet med samtidsmusikk. Ugelvik vil at studentene skal bli kjent med nye spilleteknikker for piano og med nytt repertoar for instrumentet for å utvide sin klangpalett og være forberedt på fremtidens yrkesliv som utøvende musikere.

Sted: Lindemansalen, Musikkhøgskolen (NMH)

Detaljer

Dato:
2014/03/04
Tid
19:00

Arrangør

Norges musikkhøgskole
Telefon
+47 23 36 70 00
Vis Arrangør nettside

Sted

Norges musikkhøgskole
Slemdalsveien 11
Oslo, 0302 Norway
Telefon
+47 23 36 70 00

Legg igjen en kommentar