
- Dette arrangement har allerede funnet sted.
Ein dansk gigant. Trio Danois spelar Niels Wilhelm Gade
2017/03/25 kl. 14:00 - 15:00

Niels W. Gade (1817–90) var den dominerande personlegdommen i det danske musikklivet på 1800-talet, og han regjerte omtrent einerådig den siste halvdelen av hundreåret. Som komponist, lærar og organist hadde han ein enorm innverknad på yngre musikarar og komponistar – ikkje minst norske.
Trio Danois er sett saman av den danske hornisten Pernille Kaarslev, den islandske pianisten Jónína Erna Arnardóttir og norske Morten Fagerli. No spelar den skandinaviske trioen musikk av Gade og ei rekkje andre komponistar han påverka og inspirerte.