- Dette arrangement har allerede funnet sted.
Balladar utan grenser. Konsert
2018/03/22 kl. 19:00 - 20:00
Reiser frå det kjente mot det ukjente, tap, strid, frykt og lengt etter fridom har vore tema i kunsten så lenge me kjenner til. «Valivan seiler årleg», heiter det i mellomalderballaden «Valivan». Til liks med sjøfararar har balladane i hundrevis av år kryssa verdshav og landegrenser.
Saman med folkesongar Unni Boksasp og den syrisk-franske fløytisten Naïssam Jalal framfører FriEnsemblet, leia av Mathilde Grooss Viddal, mellomalderballadar i samtidsdrakt. Det blir evigaktuelle balladetema med melodiar og tekster frå det 12 binds store balladeverket fullført ved Nasjonalbiblioteket i 2016, saman med variantar frå andre europeiske land.
Konserten er del av Kulturarvåret 2018.
Ill: Gerhard Munthes Dommedag fra Draumkvedet